Påmelding Telenor Games Bergen 2024/25 - Sesongstart tirsdag 05. November 2024 - SAVE THE DATE

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 16. Okt 2024

Hei alle medlemmer i Telesport Bergen!

 

Det nærmer seg ny sesong av Telenor Games, og det er tid for å melde seg på. Sesongen 2024/25 vil starte tirsdag 05.11.24 og varer til sommer neste år. Øvelser vil bli planlagt utover sesongen og vi satser på en miks av tidligere slagere og nye innslag. Vi håper både nye og gamle deltagere blir med!

Første øvelse vil finne sted på Kokstad. Det vil bli en blanding av oppgaveløsning og enklere leker. Siden det er sesongstart, vil det bli servert mat og drikke 😊

 

I år er det to måter å melde seg på:

- En lagleder melder på sitt lag (inntil 8 personer)

- Du melder deg på individuelt og blir plassert på et lag satt sammen av arrangøren

En melder seg på ved å sende epost til oyvind.spilde@telenor.no. Lagleder må huske å få med lagnavn og navn og epostadresse til alle du melder på. De som melder seg på individuelt må også huske navn og epostadresse. Skriv også om du kan tenke deg å være lagleder og/eller lagmedlem. Du må være medlem av Telesport for å delta (men påmelding er tillatt før medlemskap er registrert).

Et lag består altså av inntil 8 deltagere, men i hver øvelse er det normalt 4 som er aktive. Det er også mulig å stille med færre enn 4, men da vil en miste deltagerpoeng i konkurransen. I noen av øvelsene, inkludert i en eventuell landsfinale, vil det være en fordel at laget har begge kjønn. Vi oppfordrer derfor alle lag til å stille med en god kjønnsbalanse.

Bruk denne sjansen til å få et avbrekk i hverdagen med morsomme aktiviteter og bli bedre kjent med kollegaer på tvers av soner og avdelinger!

 

Påmeldingsfrist: Fredag 25. oktober.




Ny Telenor-rekord i Stoltzen 2024

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 1. Okt 2024

Laurdag 28.9. var det igjen duka for verdas brattaste motbakkeløp, og på nytt satte Telenor rekord målt i antall deltakarar. Samanlikna med i fjor (som også var rekord) var vi over 20% fleire som gjennomførte løpet i år, og ein stolt gjeng på 59 deltakarar fra mange Telenor-lokasjonar kunne juble for å ha nådd målet i toppen av Stoltzekleiven.

Telenor-gjengen samla på toppen etter fullført Stoltzen 2024.

Telesport som lokal "arrangør" er stolt over at vi har klart å etablere Stoltzen som eit nasjonalt Telenor-arrangement med støtte fra TIF (Teleidrettsforbundet). Med 21 tilreisande deltakarar vart det igjen ei fin samling av kollegaer på tvers av lokasjonar og avdelingar. Rekrutteringa av nye er også god, og heile 19 var debutantar som fekk sitt første og sjokkerande møte med den bratte løypa. Vi håper mange har fått lyst til å prøve seg også neste år. Og sjølv om mange lokasjonar var representert, med Oslo, Trondheim og Lillehammer/Fåberg i spissen, håper vi at vi neste år kan få med ein enda større del av landet på denne folkefesten i Stoltzen. Vi satte ny rekord med 59 som gjennomførte, men på det meste hadde vi 80 påmeldte i år, så potensialet er enda større. Dessverre dukka det opp ein del skader og logsistikkutfordringar for enkelte, og ikkje minst var det mykje feber o.l som dukka opp den siste veka. Det er vanskeleg å gardere seg mot det, men fleire av dei som måtte melde forfall har alt meldt at det blir revansje neste år.

Når det gjeld resultata, så vart ein av debutantane den raskaste av oss. Sindre kom i mål på sterke 11:33. og med det vart det for første gang Trondheim som hadde raskaste Telenor-deltakar i Stoltzen. Like bak kom Susanne som var med for andre gang, og som i fjor vart ho raskaste kvinne. Med tida 12:08 var ho berre 2 minutt bak raskaste kvinne og nr 10 i klassa 18-34 år - og det ei veke etter å ha gjennomført Oslo maraton! Lars-Arne kapra 3 beste Telenor-tid, og med det vart beste bergensar Hugo på ein fjerdeplass. Til neste år må Bergensgjengen sjå litt på treningsopplegget slik at vi kan matche dei tilreisande i det som skal vere vår heimebane. Det ser ut som trening i hoppbakkane i Trøndelag og på Austlandet har gitt dei gode resultat, så her må vi rett og slett finne mottiltak i Bergen. Den aller beste plasseringa var det likevel ein veteran fra Bergen som oppnådde. Asbjørn gjekk heilt til topps i sin klasse, og eg trur det er første gang vi har hatt ein klassevinnar fra Telenor.

Blå Telenor-skjorter med propell overalt litt før kl 12

Dei fleste av oss har ingen ambisjonar om å hevde oss på resultatlistene, men litt samanlikning mot kollegaer, og ikkje minst mot eigne tidlegare resultat blir det gjerne. Og Stoltzen gir ærlege tilbakemeldingar kvart år på korleis forma har utvikla seg sidan året før. Og for dei fleste av oss ein god motivasjon til litt ekstra trening og fokus på kostholdet.

Viktigare enn idrettsprestasjonar og resultat er det sosiale og meistringa som alle kan oppleve i Stoltzen. Sjølv om nokre brukar meir enn dobbelt så lang tid som andre blir vi likevel samla i mål til lagbilde i løpet av kort tid. Og det korte løpet gjer at alle raskt hentar seg inn og er klare til tradisjonelt After-Stoltz i Sandviken der vi får servert rikeleg med mat og drikke. Og der har alle like store sjansar til å vinne premiane vi trekker ut blant deltakarane. Vi vil gjerne ha med oss enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv. Og ikkje minst setter vi pris på alle som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. For Stoltzen er ikkje ferdig når vi går i mål. Den gode stemninga fra toppen varer heile dagen. Etter offisielt After-Stoltz som Varegg arrangerer for oss,  er det også tradisjon med After-After-Stoltz for Telenor i bydelspuben Dr Wiesner. På laurdag fortsatte også ein god gjeng til eit felles måltid og After-After-After-Stoltz i Bergen sentrum.

Laurdag 27. september 2025 er vi klare igjen, så sett eit kryss i kalenderen!

På Stoltzen sine sider finn ein også alle dei offisielle bilda og resultat.

Våre deltakarar ligg her: http://www.stoltzen.no/bilder/2024/klubb/telenortelesportbergen.html

Resultata våre finn du her: http://stoltzen.no/resultater/2024/resklubb_336.html