Skarverennet 2022

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 12. Okt 2021

Har du lyst å bli med på Skarverennet 23. april 2022 (helga etter påske)? Da har du sjansen no til å bli med ein Telesport-gjeng på eit felles opplegg. Les om Skarverennet her. Opplegget vil bli tog til Finse fredag 22.4. Overnatting på Finsehytta (DNT) med middag fredag og laurdag kveld. Skarverennet på ski fra Finse til Ustaoset laurdag. Tog tilbake til Finse laurdag (inkludert i sjølve rennet). Og tog fra Finse søndag. Med andre ord ei herleg sosial helg i høgfjellet med ei fin fysisk utfordring.

Strategien til Telesport er å bidra til inititativ som i særleg grad støtter opp om formålet om å kombinere idrett og sosiale opplevelsar for medlemmane. Derfor prøver vi no å bidra til at Telesport sender ein gjeng til Finse ifm Skarverennet med felles overnatting på Finsehytta (DNT). Medlemmar får refundert startkontingent og reiseutgifter (iht vanleg reglement). I tillegg vil Telesport dekke 500 kr av overnattingsutgifter. Medlemmane må likevel dekke resten av utgiftene til kost og losji, men vi håper dette gjer terskelen litt lavare for å bli med. 

Dei som ønsker å delta må melde si interesse til helge.ytre-hauge@telenor.no så snart som muleg. Det er ein komplisert logistikk med påmelding, reise og overnatting. Sjølve påmeldinga til Skarverennet opna 11. oktober, og normalt må ein vere tidleg ute for å sikre seg plass, men når det gjeld dei som overnatter på Finse frå fredag til laurdag er ikkje flaskehalsen å få startnummer, men reise/overnatting som må bestillast separat. 

Overnatting på Finsehytta kan bli ein flaskehals. Tidlegare har bookingen der blitt opna 1. januar, men no har vi nettopp fått avklart at denne alt er opna og vi kan risikere at det blir fullt. Vi må derfor bestille dette så snart som muleg, og vi kan ikkje garantere plass. Så meld deg så snart som muleg. Vi prøver nok å gjere dei første bestillingane denne veka, altså innan 17. oktober, men så lenge det er plass vil vi forsøke å legge til bestillingar også etter dette.

Detaljane om reise og påmelding til rennet avklarer vi og koordinerer vi litt seinare.

Benytt denne sjansen til ein opplevelse du ikkje vil angre på!




2 Kommentarer

Kommentarer

  • Helge Ytre-Hauge

    Bra kommentar, Asbjørn! Eg har oppdatert teksten i artikkelen med litt presisering rundt opplegget.

    12 oktober 2021
  • Asbjørn Handegard

    Kan sterkt anbefales! Både rennet og folkelivet rundt, og oppholdet på Finsehytta med eget mikrobryggeri, er verdt å få med seg🙂. For å unngå flaskehalsen med tog på renndagen må vi reise opp fredag og retur søndag.

    12 oktober 2021

Logg inn for å skrive en kommentar.