Ny leiar i orienteringsgruppa

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 25. Feb 2024

Helge Ytre-Hauge tok i haust over som gruppeleiar for orienteringsgruppa etter at Sigvard Tschudi Madsen har valgt å trappe ned aktiviteten. Sigvard har leia orienteringsgruppa i Telesport så lenge nokon kan hugse og så langt tilbake det elektroniske arkivet går. Å «hoppe etter Wirkola» blir eit kraftig understatement for oppgava den nye gruppeleiaren har tatt på seg. Sigvard har gjennomført meir enn 400 orienteringsløp for Telesport, dvs meir enn 100-gangeren av dei 4 som Helge foreløpig kan skilte med. Ei stor takk til Sigvard for arbeidet han har lagt ned i Orienteringsgruppa gjennom mange år!

Sigvard har over 400 orienteringsløp for Telesport og har leia orienteringsgruppa så lenge nokon kan hugse.
Aktiviteten i orienteringsgruppa har vore synkande dei siste åra, og har ikkje heilt tatt seg opp igjen etter pandemien. Men det er eit stort bedriftsorienteringsmiljø i Bergen, og mange lett tilgjengelege mulegheiter for å delta. Den nye gruppeleiaren har eit håp om å få med nokre på eit nybegynnarkurs i 2024 og at fleire blir med på nokre orienteringsløp utover sesongen. Terminlista for 2024 er ikkje klar enda, men det er normalt omkring 15 løp fordelt utover onsdags ettermiddagar fra april til septermber. Det er ein fin måte å få litt variert trim på, både for kropp og hjerne. I tillegg kan ein bli kjent i nye turområder, også utanfor dei mest vanlege stiane. Kanskje eit fint supplement til Ti-på-topp for turglade medllemmar. Det er alltid løyper i 4 ulike lengder og vanskegrader. Nybegynnerløypene er ofte omkring 1.5 km. Den lengste ca 4 km. I praksis blir det sjølvsagt litt lenger å gå/springe, men fullt overkommelege for alle Telesportarar. Og litt øving i bruk av kart og kompass kan vi jo alle få bruk for i ein krisesituasjon 😊

Har du lyst til å prøve deg på orientering eller lurer på andre ting, er det berre å ta kontakt med Helge.

Erfarne medlemmar har orienteringserfaring fra dei tidlege sesongane av Telenor Games



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.