Rebusløp
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 16. Jul 2024
Fredag 23. august fra kl 17:30 er det klart for rebusløp igjen. Hugs å melde deg på så snart som muleg HER (link).
Arrangementskomiteen består i år av Beate Rikstad, Asbjørn Handegard, Helge Ytre-Hauge og Anja Schreiner - ei blanding av nye og nokre erfarne medlemmar som har stått bak dette arrangmentet mange ganger.
Rebusløpet handler om små enkle (og nokre vanskelege) rebusar.
Rebusløpet begynner kl 17:30 ved den Blå Steinen på Kong Olav Vs Plass. Fra ca kl 20 forventar vi at laga kjem til målområdet der det blir kåring av vinnarar og premieutdeling. Målområdet blir annonsert seinare, men det blir i gangavstand fra starten. Målet er at løypa skal bli litt kortare enn i fjor.
Dette arrangementet blir også sesong-avslutning på Telenor Games med premieutdeling, matservering og tid til å vere sosiale. Arrangementet (med unntak av drikke ein ev kjøper), er gratis for alle medlemmar!
For dei som er ukjent med Telesport Rebusløp, så er det ein lagkonkurranse der deltakarane blir satt saman i lag og får eit sett med rebusoppgaver. For kvar oppgave skal ein typisk finne fram til ein plass eller adresse i Bergen (innanfor eit nærmare definert kartområde) ved å løyse rebusen. I tillegg er det eit spørsmål som ein vanlegvis ikkje finn svar på utan å gå til den aktuelle plassen. I tillegg til kreative evner for å løyse oppgavene, må laget også legge opp ein strategi for å løyse flest muleg oppgaver og bevege seg til alle plassane innanfor tidsramma. Og helst må ein kunne finne fram på eit kart. Kanskje dukker det også opp andre typer oppgaver.
Her er eit par eksempel på rebus-oppgaver fra tidlegare år:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Telesport Bergen B.I.L
Ny Telenor-rekord i Stoltzen 2024
01.10.2024
Telemesterskap i Padeltennis 2024
03.09.2024
Resultat Telenor Games - Frisbeegolf
22.08.2024